Utbygging av mobildekning

Информация о тендерe

Open procedure
10.02.2012 8:46 (GMT+01:00)
23.03.2012 12:00 (GMT+01:00)
29.02.2012 0:00 (GMT+01:00)

Информация о покупателе

Vaksdal kommune Vaksdal kommune
Åse Elin Myking
Konsul Jebsensgt. 16,
5722 Dalekvam
Норвегия

Closing date has passed.

Информация о тендере

Vaksdal kommune ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Stamvegen mellom Bergen og Oslo, E16 går gjennom store delar av kommunen og gjev effektiv kommunikasjon mot aust-vest. Vaksdal kommune har eit areal på 738 km² og er 5. største på areal i Hordaland fylke, og har 4173 innbyggjarar. Naturen i Vaksdal varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap.

I delar av kommunen er det i dag manglande mobildekning med bakgrunn i utfordrande fjell- og fjordlandskap.

Store delar av Eksingedalen samt Nordgrend (nordsida av Osterøy v/Stamnes) er i dag utan mobildekning. Desse områda er ikkje aktuelle for privat utbygging. Både husstandar, næringsliv og offentleg drift vil verta dekkja av ei utbygging i desse områda.

Mobildekning er i dag ein føresetnad for busetjing, utvikling og vekst. I Vaksdal Kommune er det fleire område utan mobildekning. Manglande mobildekning er krevjande for fastbuande i eit moderne samfunn basert på tilgang til denne type infrastruktur.

Mobildekning for alle innbyggarar er i dag eit nasjonalt mål. Manglande dekning for mobil er utfordrande for eksisterande næringsliv og kan hindre vidare utvikling og vekst i bygdene.

God infrastruktur i form av god mobildekning og breiband kan legge til rette for å etablere bedrifter og arbeidsplassar i bygdene våre.

For den kommunale tenesteproduksjon er manglande mobildekning ei utfordring. Barnehagen, barne- og ungdomsskulen i Eksingedalen har i dag ikkje mobildekning. Kommunale- og fylkeskommunale vegar er utan dekning. Omsynet til beredskap i desse områda veg og tungt for kommunen.

Målsetjinga til Vaksdal kommune med anbodet er å gjennomføra utbygging for å sikra mobildekning for alle innbyggjarar og næringsliv i dei områda som er inkludert i konkurranegrunnlaget.

Vaksdal kommune ynskjer leverandørar som aktivt bidrar til å oppnå alle målsetjingar innanfor dette konkrete prosjektet og dei gjeldande områda.

Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=249618.

Закупочная документация

Название Объем
Avtale_med_leveransevedlegg_Utlysning.doc 307 KB
Kart_over_område_for_mobilutbygging.pdf 4,81 MB
Området-Eksingedalen.pdf 1,25 MB
Området-Gammersvik-Toskedal.pdf 1006 KB
Tilbudsinstruks_Utlysning.doc 136 KB

Mercell Holding AS

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 00