Eidfjord kommune har etablert badstova «Kråkebu» på den offentlege badeplassen Kråkeskarvet, ca. 1 km frå Eidfjord sentrum. Badeplassen er eit populært friluftsområde med stupebrett, grill, utedusj og garderobar med toalett på sommarstid.
Det er eigen parkeringsplass tilknytt badeplassen.
Badstova stod ferdig i mai 2024 og har det fyrste åra vore gratis og open for publikum. Tilbodet har vore tilgjengeleg dagleg mellom kl. 05:00 og 22:00.
Eidfjord kommune har bygd badstova, drifta den i over eit år, og ynskjer no å setje vekk dagleg drift. Eidfjord kommune ønskjer difor no å etablere ein langsiktig driftsmodell gjennom ein tenestekonsesjonskontrakt med ekstern drivar.
Generelt formål med anbodet er at badstova skal vere:
- eit attraktivt tilbod for innbyggjarar og besøkande
- tilgjengeleg for heilårsbruk
- eit tilbod med positiv effekt på folkehelsa