Kort beskrivelse
Føremålet med anskaffinga er å utvida kapasitet for eksisterande skulebygg i Øystese sentrum for totalt 280 elevar og 40 tilsette. Det eksisterande bygget som skal takast vare på skal vera ein integrert del av prosjektet, både funksjonelt og estetisk, og inkluderast i berekning av brutto/nettofaktor.
Nye, komplette tekniske anlegg skal vera del av tilbodet.
Øystese skule er ein 2-parallell 1–7-skule og målet er å byggja ein framtidsretta og god skule som også skal vera eit samlingspunkt i Øystese sentrum, i tråd med gjeldande lovverk og krav om universell utforming.
Samla nettoareal for prosjektet er ca. 3 000 m² og den vedtekne budsjettramma for totalentreprisen er om lag 100 MNOK eks. mva.
Intensjonen med konkurransen er å inngå kontrakt om kjøp av bygningsmessige oppgraderingar av eldre skulebygg og oppføring av modulbygg som erstatning for eksisterande bygg som skal rivast.