Short description
Kvam herad skal utvida parkeringsplassar og endra køyremønster ved rådhuset i Norheimsund. Det skal
utførast arbeid med å ta ut både lausmassar og fjell i terrenget rundt og bak rådhuset. Arbeid i grunnen
skal verta underlag for ny veg og parkeringsplass. Fjellskjeringar vert etablert og dei skal sikrast. Det er
ei klar målsetting at underlag skal kunna byggjast vidare på utan at ein må ta att arbeid som vert utført i
grunnen. Dette medfører at ein skal prosjektere og byggje anlegga slik at dei kan ferdigstillast utan å
utføre tiltak som ekstra sprenging for grøfter og fall på trau i grunnen. Øvre bærelag, asfaltdekke og
ferdigstilling av grøntområde inngår ikkje i denne entreprisen.
Sprengstein frå utviding ved rådhuset skal nyttast til bygging av regulert veg og tomter på Tolo i
Norheimsund. Det er behov for å fjerne lausmassar i vegtrasé og tomteareal. Totalentreprenør skal
finna eigna godkjent stad til deponering av lausmassar og sprengstein som ikkje kan nyttast i prosjekta.
Lausmassar skal gjenbrukas og det er krav om at totalentreprenør fin eigna godkjente formål til
gjenbruk.
På Tolo skal det og byggast nye leidningsanlegg for EL/tel/ veglys, vatn, avløp og overvatn.
Fullstendig beskriving av arbeidet fylgjer av kravspesifikasjonen i dokument 02.